Arbeidsgruppa for Villmarksmessa 2012 vil snart gjennomføre eit planleggingsmøte for Villmarksmessa 2013.
Evaluering av årets messe er den aller viktigaste saka på første møte.
For at vi skal lykkast med å lage ei betre messe til neste år er det avgjerande at vi evaluerer årets messe frå a til å. For å få dette til er det viktig at de melder inn synspunkt, positive og negative.
Vi oppmodar alle som har synspunkt om å sende disse til etnejff@gmail.com
På forhånd takk !