Foreininga sitt hovudformål er:
Å vera ein aktiv interesseorganisasjon som ivaretar medlemmene sine interesser innan jakt, fiske, naturforvaltning og friluftsliv.
Å arbeide for at det enkelte menneske skal læra seg å forstå ansvaret sitt for den levande natur som omgir oss, verdien av ansvarsbevisst jakt og fiske, og ved å vise omsyn til alt levande i all vår ferdsel i skog og mark.
Å lette medlemmene sin tilgang til å drive jakt og fiske, om nødvendig ved å leige jaktterreng, fiskevatn og elvar som blir stilt til medlemmene sin disposisjon, samt ved å drive kulturarbeid for å halde vedlike og bygge opp fisk- og viltbestanden innan foreininga sitt arbeidsområde.
For å bli medlem i Etne Jeger- og fiskerforening må du vera busett i Etne kommune.
Om du ynskjer medlemskap må du senda epost til etnejff@gmail.com og oppgi:
- Navn
- Adresse
- Fødselsdato
- Medlemskategori
- Telefonnr.
- Epostadresse
Vi ynskjer nye medlemmer velkomne !
Frå og med 2024 er ikkje lenger EJFF medlem av NJFF. Styret drøfta om kva for kategoriar, definsjonar av disse og prisar som skal gjelde framover. Ein vart einig om å forenkla kategoriane i forhold til tidlegare og årsmøtet har støtta styret sitt forslag og gjort fylgjande vedtak:
Medlemskategoriar
- Hovudmedlem: Frå og med året ein fyller 19 år: 390,00.
- Barne- og ungdomsmedlemskap: Til og med året ein fyller 18 år: 190,00
- Familie-/ektefelle-/sambuarmedlemskap: Gjelder to voksne og alle barn under 19 år i samme husstand: 590,00
- Æresmedlem