Festdeltakarane uttrykte tydeleg at dei sette stor pris på tiltaket og var godt nøgde meg grillmaten med tilbehør. Johannes Kambo lovte sågar at til neste år vil han ta med seg heimelaga karamellpudding til dessert!
Det gler vi oss til!
Leif Johnny Næss stod også i år for underhaldning da han på oppfordring frå Vegar Grumheden las eit dikt. Denne gongen var det av Andre Bjerke. Det var eit flott dikt utført på ein glimrande måte og vi var alle imponert over kor god Leif Johnny er til å hugse !
For andre året arrangerte EJFF ei hyggestund for medlemmer over 60 i elva, denne gongen i sone 3. 8 inviterte møtte opp og nokre hadde meldt ifrå om at dei dessverre ikkje kunne kome. (Til orientering; mannen til høgre - Vegar Grumheden - er ikkje over 60 år, men var med underteikna å lagte til for kvelden.)
Foto: Jan A. Vinje