
Fra venstre Kay Roger Tjøsvoll, Egil Tjøsvoll og Kjell Arnt Stava.
Egil Tjøsvoll vant sonen i Trekningen til Karmøy JFF. Han synes det er lite vann i elva og dårlige fiske forhold.
Etter ein tur langs elva mandags morgon var det lite fiskarar å sjå i sonane.Finveret gav sitt preg på elva med ei vassføring på vel 7 kubikk. Så for fiskarane sin del så langt i sesongen, har ikkje vergudane vore på den rette sida.Laksebørsen på Etne Camping kan og fortelle om lite fisk på land. Men er me fiskarar for lite kreative? Står me langs bredden og ventar på at elva og veret skal tilpasse seg mitt fiskeskrin, eller er det bare ikkje fisk i elva? Eg trur så absolutt at det er fisk i elva sjølv om den er låg og sola skin. Me har nok mykje å lera når det gjeld å tilpasse seg forholda i elva. Trur nå eg då. Men for all del! Det er ikkje sprekt med fisk i elva, det kan fleire fiskarar fortelle. Ikkje får dei noko og ikkje ser dei noko. I sone 10 treff eg fiskekameratane Egil Tjøsvoll, Kjell Arnt Stava og Kay Roger Tjøsvoll fra Karmøy JFF. Dei er ikkje så veldig optimistiske med tanke på å fange laks i løpet av dagen. Dei er trøtte og leie og reknar ikkje med å vera her heilt til kl. 18. i dag. For Egil sin del er det første fisketuren til Etne i år. Det blir nok fleire turar seier han. Han skal også nokon turar til Suldal og fiske i sesongen.