Ope medlemsmøte torsdag 23. februar kl. 1930
Styret i elveigarlaget inviterer til ope medlemsmøte torsdag 23.02 kl. 1930 i Litlesalen på Skakke. Havforskningsinstituttet vil delta på møtet.
"Dette er eit ope møte der alle som ynskje kan delta. Dette for å gje kundane våre, samt andre som er opptatt av elva, ein moglegheit til å gje oss tilbakemelding. Tanken er og at alle medlemmer som ynskje kan oppdatere seg og få litt input til diskusjonar som kjem på årsmøte. Ber om at den enkelte grunneigar deler informasjon om møte med sine kunder. Denne invitasjonen går og til dei lokale fiskeforeningane (Etne,
Vindafjord, Haugesund, Karmøy).
Agenda vil vere relativ open, men har tenkt:
-
Informasjon om fangsttal frå 2022
-
Informasjon om oppgang av laks og sjøaure i 2022
-
Informasjon om fiskereglar
-
Pukkellaks
-
Tilbakemelding frå fiskerar og andre som ynskjer å gje tilbakemelding om forvaltning av vassdraget.
-
Generell info (utfiske av oppdrettsfisk, stamfiske, kultiveringstiltak etc)