For n'te gong er nedteljinga begynt og spenninga er stor, kanskje større enn nokon gong.
Statestikken lyg ikkje. Dei siste 2 åra har det vore stor nedgong i fangst av tert (smålaks).
Det har i mange år vore nedgong i sjøaurefangsten.
Korleis vil dette slå ut i år?
Vil mellomlaksen vise same nedgong som terten har vist siste 2 åra?
Vil nedgongen i sjøaurefangsten halde fram?
Tida vil vise...
Vi er svært interessert i at fiskarane deler lakseopplevingar med oss. Send oss difor bilete og tekst
til etnejff@gmail.com . Hugs å skrive på navn på alle på bilete, tid og kor biletet er tatt.
Skitt fiske!