"Hei alle,
då er me ferdige med midtsesongevaluering. Det ser veldig bra ut i år og
det er ingen behov for tiltak etter avtalen med Statsforvalter.

Til og med 8/7 hadde me netto (korrigert for avliva fangst) ca 1700 kg
ho laks over fella, mot ca 1400 kg i fjor. Gytebestandsmålet er 1025kg.

Med bakgrunn i dei gode tala har styret vedteke å auke årskvoten til
1200 laks. Vedlagt er ny kvotefordeling som syner antall laks kvar
sone/fiskerettshaver kan ta ut totalt for sesongen 2022. Det er den
enkelte fiskerettshaver sitt ansvar at kvote ikkje overskrides. Det vert
ingen endringar i fiskereglar, men me oppmodar om at ein minner kjøperar
av fiskekort om krav om skjellprøver for all avliva fisk.

Vedlagt er og skjema sendt til Statsforvalter ifbm midtsesongevaluering.

Når det gjeld inndeling av soner i Sørelva har det blitt ein del kluss
og diskusjon. Me er derfor nødt til å endre  inndeling av soner til ein
versjon som er nesten lik den me hadde i fjor. Nytt sonekart er vedlagt.
Det betyr nok at ein del fangst er rapportert på feil soner, og dette
vil me korrigere etter sesong. Dei som veit om feilrapportert fangst kan
sende meldign til post@etneelvo.no (men me vil gå det opp etter sesong).
Me beklage at det er blitt mykje att og fram her. Me vil leggje ut nytt
sonekart på nettside iløpet av morgendagen.

mvh
Styret ""