Invistasjon frå Øystein Skaala, mottatt på epost torsdag 21.01.
"Status for fiskefella I Etnevassdraget
Etnevassdraget er av Stortinget utpeika som eit nasjonalt laksevassdrag der villaksen skal ha særskilt vern. Mengda av rømt oppdrettslaks i vassdraget har uroa både fiskeri- og miljøforvaltinga sidan registreringane starta på slutten av 1980-talet. Etne elveeigarlag har ved fleire høve etterlyst tiltak mot rømt oppdrettsfisk i vassdraget.
Fiskeridirektoratet etablerte i 2010 det nasjonale pilotprosjektet Prioriterte strakstiltak for sikring av anadrome bestandar av laksefisk i Hardangerfjordbassenget i påvente av langsiktige forvaltingstiltak. I dette pilotprosjektet inngjekk arbeidet med å prøva ut om den nordamerikanske laksefella Resistance Board Weir er eigna for å stoppa oppvandring av rømt oppdrettslaks, noko som ikkje har vore muleg med dei tiltaka ein har prøvt tidlegare. Resultata er oppsummert i vedlagt rapport. Resultata har vist at fella har mange positive funksjonar og at behandlinga av fisken på fella ikkje påvirkar fisken sin ”bitevilje” . Det er vist at fella stoppar nær på all oppdrettsfisk som er på vei opp i elva. Smittetesting i 2014 viste at mykje av den rømte fisken var smitta med PRV eller PD. Fella har også generert data på villaks og sjøaure som er unike i nasjonal samanheng.
Det 3-årige pilotprosjektet vart avslutta som planlagt hausten 2015 og frå elveeigarar og forvalting er det reist spørsmål om kva som skjer vidare med aktiviteten i Etnevassdraget. Havforskingsinstituttet har vedteke å vidareføra drifta av fella som ei nasjonal forskingsplattform for rømt oppdrettslaks, villaks og sjøaure. Ein viktig føresetnad for dette er positiv interesse lokalt og hos villaksforvaltinga, og at det lukkast å fullfinansiera drifta.
Som ledd i prosessen vil Havforskingsinstituttet halda eit informasjonsmøte om dette i Skakkesenteret, Etne, tysdag 26. januar kl 19-21.
Vi ser fram til å høyra Dykkar syn på planane.
Med helsing
Dr. Øystein Skaala
Prosjektleiar
Havforskingsinstituttet
Postboks 1870 Nordnes
5817 Bergen
Mobil: 476 27 878
www.imr.no"
Dagsorden
Tid |
|
|
1900 - 1930 |
Havforskningsinstituttet |
Velkomen Erfaring med fiskefella, plan vidare |
1930 – 1945 |
Miljødirektoratet v/Fylkesmannen |
Fella i Etne og overvaking av villaks og sjøaure |
1945 – 2000 |
Norges Jeger- og fiskerforbund |
Synspunkt på fiskefella i Etne |
2015 – 2030 |
Etne elveigarlag |
Kva no ? |
2030 – 2100 |
|
Kaffi, spørsmål og diskusjon |
2100 |
|
Møtet slutt |