![]() |
Foto: Jan A. Vinje |
Lørdag 21.04 vart det arrangert flogekastekurs i Etneelva. Det var fint ver og godt oppmøte. Kurset vart arrangert
i eit samarbeid mellom EJFF, Baardsen og Nordic Outdoor. Det var mogleg for alle å prøve utstyr i alle prisklassar. Lørdagen gjekk med til kastetrening i sone 3, både med einhands og tohands stenger i ulike prisklassar.
Søndag 22.04 vart det kurs i praktiske saker slik som val av snøre og fortaum, spleising av liner m.m.
![]() |
Foto: Jan A. Vinje |
Deltakerane på kurset var både nybegynnarar og "gamle traverar". To av dei nye var Åsmund Hovda og faren Anders.
![]() |
Foto: Jan A. Vinje |
Vegar Grumheden (formann i Fiskeutvalet) serverer litt å bite i. Han har litt vanskar med å rekne ut kor mykje vekslepengar han skal gi igjen. Det er lenge sidan han gjekk på skulen!