![]() |
Foto: Jan A. Vinje |
Klargjering av fiskestenger
Kjell Tore Klungland var ein av instruktørane og sørga for at stenger vart gjort klar til bruk for dei som ikkje hadde med seg eige utstyr.
![]() |
Foto: Jan A. Vinje |
Slår opp banner
Etne sparebank er foreininga sin hovudsamarbeidspartnar og banneren viste tydeleg kor "Fiskesommar" vart arrangert, enten deltakarane kom frå land eller frå sjøen.
![]() |
Foto: Jan A. Vinje |
Fiske har starta opp ..
Eigedommen til Andreas Klungeland var svært godt eigna til eit slikt arrangement og i tillegg fekk vi låne kaien til naboen - Erling Askeland.
![]() |
Foto: Jan A. Vinje |
.. både for vaksne og ungdom
Tom Hardeland og Stina Grindheim har funne seg ein fiskeplass dei begge trur vil gjera susen.
![]() |
Foto: Jan A. Vinje |
.. Dette såg spanande ut
Stanga bøyer seg i alle fall, mon tru om det er storfangst på gong..
![]() |
Foto: Jan A. Vinje |
Fleire med fangst
Det vart ikkje storfangst, men fleire fekk tross alt fisk på land.
![]() |
Foto: Jan A. Vinje |
Nye medlemmer kikkar på ..
Erling Ronæs har tilskoderar i brødrene Albert og Steffen Rafdal som begge teikna seg som medlemmer.
![]() |
Foto: Jan A. Vinje |
Litt av fangstreidskapen
Det vart prøvt litt forskjellig for å lure fisken på land.
![]() |
Foto: Jan A. Vinje |
Utdeling av vervepremiar
Ungar og ungdom som teikna seg for medlemskap i "Fiskeklubben" fekk fiskestang, caps, reisetannkost, t-skjorte m.m.