EJFF inviterer kvinnelige medlemmer eller sambuar/kone til medlemmer til fiske i sone 2 fredag 28. juni kl. 1900. Vi vil stille med varm grill og fiskeinstruktørar. Tiltaket er meint å vera eit sosialt tiltak for damer som ynskjer å fiske, mykje eller lite. Ta gjerne med fiskeutstyr om du har, hvis ikkje kan de låne av oss.